Inaktiv

Fagkonsulent

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fagkonsulent
Frist
12.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

DPS Ålesund psykiatriske poliklinikk søkjer no ein engasjert og dyktig medarbeidar til vårt ROP-team, i ei 100 % fast stilling.

Som fagkonsulent i ROP teamet vil du i tett samarbeid med teamet utgreie og behandle personar med psykisk liding og samtidig rusliding. Teamet består av ein overlege, to psykologar og to fagkonsulentar. Teamet er eit av DPS poliklinikk Ålesund sine sju team. Her er til dømes fire spissa allmennteam, eitt GBT-team (gruppebehandling) og eit nyleg oppretta Tidleg avklaringsteam.

Har du 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning med klinisk erfaring eller vidareutdanning innan psykisk helse og rus, kan du vere den vi ser etter.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk utgreiing og behandling av menneske med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Tverrfagleg samarbeid i team for behandling av pasientar
  • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunar og innan eiga avdeling
  • Ambulant verksemd må påreknast

Kvalifikasjonar

  • 3-årig utdanning innan helse- og sosialfag, og klinisk vidareutdanning innan rus eller psykisk helse
  • Psykiatrisk sjukepleiar eller klinisk sosionom vert oppmoda til å søkje
  • Påbegynt klinisk vidareutdanning
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid med pasientar med rus og psykiske lidingar

Personlege eigenskapar

  • Evne til sjølvstendig arbeid, men også gode samarbeidsevne
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Å vere personleg eigna vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ein inkluderande arbeidsplass

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omegn her.

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergveien 20
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4832656489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 12.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
358814345
Sist endret
26. juni 2024 12:29