Lege i spesialisering - Patologi

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Stillingstittel
Lege i spesialisering - Patologi
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig eit 12 månaders vikariat for lege i spesialisering 2/3 med høve til forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanning i patologi.

Patologi er ei kjerneverksemd i diagnostikk av kreft og annan sjukdom og faget er i rask utvikling.

Arbeidsoppgåvene til LIS følger av utdanningsprogrammet for spesialistutdanning i patologi. Med jamn progresjon i spesialistutdanninga kan ein bli ferdig spesialist i løpet av om lag fem år, og heile utdanninga kan gå føre seg ved avdelinga. LIS ved avdelinga arbeider tett med andre tilsette i avdelinga, inkludert både LIS og overlegar. Det er ei bratt læringskurve, men på same tid er det trygt å vere ny hos oss. Arbeidstida er måndag til fredag 0800-1600.

Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekker alle fagområda innan patologi, inkludert nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Avdelinga gjer diagnostikk på 55 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar kvart år. Det vert utført om lag 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar, og om lag 350 obduksjonar årleg.

Det er ei framtidsretta avdeling, der store deler av diagnostikken no er digital, og vi arbeider kontinuerleg med innføring av nye metodar og ny teknologi, mellom anna innan kreftgenomikk.

Det er i overkant av 120 tilsette på avdelinga, av dei er 30 overlegar og 12 legar i spesialisering. Vi er heldige som har engasjerte og trivelege tilsette, og vi søker etter medarbeidarar som kan like seg i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du få ei viktig rolle og høve til å vere i kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt. Fleire av overlegane har bistilling på Universitetet i Bergen, og det er eit tett samarbeid med tilsette på universitetet.



Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett skal delta i rutineoppgåver ved avdelinga; makroskopisk undersøking av operasjonspreparat, histologisk undersøking med tilhøyrande spesialundersøkingar, frysesnitt, cytologisk diagnostikk og obduksjon, samt aktiv deltaking i avdelinga sitt internundervisningsprogram
  • Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar bli vektlagd

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i patologi
  • Må kunne kommunisere godt på skandinavisk språk skriftleg og munnleg
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring
  • Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig

Personlege eigenskapar

  • Interesse for dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • God formidlingsevne, skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt, etterretteleg og sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement. Stillinga blir lønt for tida med eit rekrutteringstillegg i tillegg til grunnlønn
  • Alminneleg arbeidstid
  • Personleg rettleiar og deltaking i avdelinga sitt utdanningsprogram, i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Torill Myklestad Barrett, Overlege, 55977060, torill.myklestad.barrett@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4833165002

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 11.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
358822367
Sist endret
26. juni 2024 12:49