Barnehagelærar 100 %fast stilling

Arbeidsgiver
Modalen kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar fast stilling
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkomen til Modalen barnehage!

Barna i Modalen barnehage er stolte over barnehagen sin og ønskjer nye kvardagsheltar velkomne.

Er Modalen barnehage best? Ja, meiner barna! Sjå sjølv då vel!


Om stillinga

Som barnehagelærar i Modalen barnehage får du god oversikt og tett kontakt med borna. Me er ein liten 2 avdelingsbarnehage med bemanningsnorm 5 barn per tilsett. Høgare pedagognorm enn nasjonalt. Me ligg fint til i nær tilknyting til skog og natur. Me har fokus på språk, tegn-til-tale, humor og glede.


Arbeidsoppgåver og ansvar
  • Pedagogisk utvikling i barnehagen
  • Planlegging, gjennomføring, evaluering og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet.
  • Bidra til å skapa, leikande, meiningsfylte dagar saman med barna i barnehagen
  • Godt foreldresamarbeid
  • Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø med både barn og voksne
  • Samarbeid med ulike instansar
  • Digital dugleik med og uten barn.

Kvalifikasjonskrav
  • Barnehagelærarutdanning
  • Gyldig politiattest, jamfør Lov om Barnehagelova §30
  • Gode kommunikasjon og samarbeidsevner
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Våre ynskje om deg
  • Ein hjartevarm og inkluderande voksen som alltid har barna i fokus
  • Ein tydeleg og god rollemodell
  • Nysgjerrig, engasjert, fleksibel og positiv
  • Pålitelig, robust og løysingsorientert
  • Oppteken av kvalitet og fagleg utvikling.

Me tilbyr

Vil du jobbe på ein spanade arbeidsplass med moglegheit til å påverke og utvikla den pedagogiske verksemda? Då er dette jobben for deg!


Me tilbyr:

  • Moglegheit for pedagogisk leiarstilling (tillegg på kr 30 000,-)
  • Garantiløn tilsvarande 8 år ansiennitet
  • Tilsetjing og lønn etter gjeldande avtaleverk og lover
  • Nedbetaling av studielån inntil 20 000,- på år for full stilling i inntil 5 år
  • 6 timar planleggingstid
  • Opplæring til stillinga og rettleiing for nyutdanna
  • Motiverte og engasjerte kollegaer med fokus på arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar
  • Tilretteleggjing for vidareutdanning
  • Gode seniortiltak
  • God pensjonsordning i KLP og IA-avtale.

Modalen kommune jobbar for å ha ein høgare pedagognorm enn nasjonalt og ein høgare grunnbemanning med 5 born per tilsett.

Mannlege søkjarar vert spesielt oppfordra til å søkja.

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort (Off.lova §25).


Sektor
Offentlig
Sted
Mo 3, 5729 Modalen
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
358826282
Sist endret
26. juni 2024 01:51