Assisterande prosjektleiar

Arbeidsgiver
Samfunn, kultur og miljø
Stillingstittel
Albertatunet. Assisterande prosjektleiar
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stilling
Kinn kommune er på jakt etter ein engasjert person med byggeteknisk kompetanse og erfaring til ei 3. årig prosjektstilling som ass. prosjektleiar for Albertatunet. Perioden haust 24 - haust 27.

Albertatunet er eit byggeprosjekt som er krevjande både teknisk, økonomisk og ikkje minst omsyn til krav om effektiv gjennomføringstid. Prosjekt er i dag estimert til å være på omlag 15 000 m2, brutto og er det største planlagde investeringsprosjektet i Kinn kommune.
https://Kinn.kommune.no/sok-etter-sak/investeringsprosjekt-i-kinn/albertatunet/

Prosjektstatus
Prosjektet er ferdig programmert og vi er klare til å starte prosjektering.
Multiconsult er engasjert som rådgjevande arkitekt og ingeniør konsulent. Kontrakten med Multiconsult er delt inn i 4 deloppdrag
Programmering fram til og med skisseprosjekt (NS 8402) (Dette deloppdraget er levert)
Detaljprosjektering (NS 8401) (blir starta opp i juni, etter politisk godkjenning av programmeringsarbeidet)
Kommunen sin rådgivar under konkurransefasen og endeleg val av entreprenør (ikkje påbegynt)
Kommunen si rådgivar under gjennomføringsfasen (ikkje påbegynt)
Prosjektet skal gjennomførast med byggherrestyrte entrepriser etter NS8405.
Andre relevant informasjon vedrørande oppdraget:

Kommunen har tilsett ein prosjektleiar i full stilling for å leie prosjektet. Vedkommande har helsefagleg bakgrunn, og ikkje byggfagleg bakgrunn. Vi er no på jakt etter ein ass. prosjektleiar med hovudvekt på byggteknisk/prosjekt støtte for prosjektleiar. Dette må vere ein person med erfaring frå prosjektstyring av større byggeprosjekt.
Oppgåvene til ass. prosjektleiar vil være støtte til prosjektleiar.



Arbeidsoppgåver

Typiske oppgåver vil være:
På vegne av prosjektleiar lede, involvere og koordinere bygg-, og tekniske fag i intern prosjektgruppe og rådgjevargruppa
Ha eit særleg fokus på overordna kostnadsestimering og kostnadsrapportering av prosjektet
Byggeledelse
Ansvar for føring og oppfølging av referat ifb byggherremøte og andre aktuelle møter
SHA koordinator
Sammen med kommunen si eiga anskaffingseining koordinere arbeidet med konkurransegrunnlag Del 1, Multiconsult har ansvar for utarbeiding av del 2
Koordinere opp mot leverandørar/kontraktspartar
Oppfølging av løns- og arbeidsvilkår hos leverandørar og underleverandør
Endringshandtering
Bidra med saksutgreiing ifm politisk behandling i spørsmål knytta til prosjektet
Andre oppgåver som ligg til prosjektleiinga

Kvalifikasjonar

Bakgrunn:
Relevant høgare utdanning, innan fortrinnsvis prosjektleiing, byggfag eller tekniske fag.
Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Erfaring frå større byggeprosjekt fortrinnsvis helsebygg
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Prosjektfagkompetanse:
Prosjekteringsstyring/leiing
Prosjektplanlegging
Prosjektøkonomi
Kompetanse på NS-kontrakter
Teknisk kompetanse
Byggfagleg kompetanse

Personlege eigenskapar

God evne til samarbeid
Leiareigenskapar
Rolleforståing
Bidra til godt humør og arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Løn etter avtale
Ein krevjande, lærerik og spennande jobb
Du får vere med å bygge og utvikle det største bygget i Kinn kommune sin historie

Kontaktinformasjon

Elin Sørbotten, Prosjektleiar, 40412850, elin.sorbotten@kinn.kommune.no

Rolf Bjarne Sund, Kommunalsjef samfunn, kultur og miljø, 91710500, RolfBjarne.Sund@kinn.kommune.no

Arbeidsstad

Magnus Thingnesgate 1

6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4833120556

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 01.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Magnus Thingnesgate 1, 6900 Florø
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Rådgivning, Prosjektledelse
FINN-kode
358850586
Sist endret
27. juni 2024 05:57