Helgestilling heimesjukepleie

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Helgestilling heimesjukepleie
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ved heimetenesta fleire ledige faste helgestillingar, og ynskjer å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng di hjelpande hand. Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få god erfaring som er nyttig å ha med seg vidare i arbeidslivet. Om du tykkjer dette høyres spanande ut, så ynskjer vi å snakke meir med deg.


Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
  • Kontakt og samarbeid med pårørande
  • Andre relevante oppgåver

Krav til kompetanse
  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant helsefagleg fagbrev
  • Pleiemedarbeidar/søkjarar utan formell kompetanse kan også bli vurdert
  • Krav om godkjend politiattest
  • Må ha førarkort klasse B


Personlege eigenskapar
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv. Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
  • Har generelt gode datakunnskapar
  • Likar du i tillegg travle dagar og å arbeide kunnskapsbasert, så er du kanskje interessert?

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.


Vaksdal kommune kan tilby
  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
358878257
Sist endret
26. juni 2024 06:57