Driftskoordinator - avdeling for transport og innsamling

Arbeidsgiver
SIMAS IKS
Stillingstittel
Driftskoordinator - avdeling for transport og innsamling
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og no søkjer me etter ein driftskoordinator som skal arbeide tett med avdelingsleiar i dagleg drift ved avdeling for innsamling og transport. Som driftskoordinator vil du få vere med å påverke og ha ei rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.


Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for dagleg oppfølging av drift
  • Administrere og koordinere oppgåver knytt til m.a. logistikk, transport og innsamling av avfall
  • Bindeledd mellom avd. for transport og innsamling, administrasjonen i SIMAS og dotterselskapet SIRKLA
  • Delta i utvikling, optimalisering og digitalisering av transport og innsamling av avfall
  • Utarbeide enklare driftsrelaterte kalkylar og rapportar
  • Delta i oppfølging av HMS-arbeidet i avdelinga t.d. avviksmeldingar, vernerundar og risikovurderingar

Ønskja kvalifikasjonskrav
  • Relevant utdanning innan transport, logistikk og/eller administrasjon
  • Gode IT kunnskapar, gjerne kjennskap til KomTek, Online scale, Hogia unicon
  • Erfaring frå transport- og/eller avfallsbransjen
  • Erfaring med prosjektarbeid
  • Gjerne sertifikat klasse C, men ikkje krav

I tillegg ønskjer vi at du
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode administrative eigenskapar
  • Erfaring med å jobbe på tvers i organisasjonar
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Evner å jobbe sjølvstendig

Personlege eigenskapar og erfaring kan vege opp for manglande utdanning.

SIMAS oppmoder kvinner til å søkje stillinga.


Vi tilbyr
  • Ei sentral rolle i utvikling av avdeling for transport og innsamling
  • Arbeid innan eit spannande fagområde
  • Konkurransedyktig løn
  • Pensjonsavtale i KLP
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
  • Arbeidstad i naturskjønne omgjevnader i Festingdalen med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter

Sektor
Offentlig
Sted
Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger
Stillingsfunksjon
Koordinering, Kontor og administrasjon, Logistikk og lager
FINN-kode
358909569
Sist endret
27. juni 2024 06:37