Ledig stilling
- Arbeidsgiver
- Lærdal kommune Sogn LMS og helse
- Stillingstittel
- 2x 100% fast som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter
- Frist
- 15.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Lærdal kommune har ledig stilling 2x 100% fast stillingar som sjukepleiar/paramedic ved Sogn lokalmedisinske senter. Stillingane vil vere i 3-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn lms) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me er også legevakt for kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Krav til utdanning:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller utdanning som paramedic
- Det er eitt krav med kurs i akuttmedisin, vald og overgrep for sjukepleiarar som jobbar på legevaktsentralen
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Vidare ynskjer me søkjarar med god norsk forståing
- God formidlingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
Arbeidsoppgåver:
- Legevaktoperatør for kommunane i Sogn.
- Legevaktsamarbeid i form av å bistå vakthavande lege med blodprøvetaking, EKG, assistere ved sying, sårstell m.m
- Veilede pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
Arbeidstid:
Dei tilsette jobbar tredelt turnus, med langvakter på 12 timar kvar fjerde helg. Nattevaktene er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg.
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.
Me tilbyr:
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Aktuelle kurs vert gitt ved oppstart i stillinga
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 358909644
- Sist endret
- 27. juni 2024 06:40