OPERATØR gjenbruksstasjoner

Arbeidsgiver
Nordfjord Miljøverk Iks
Stillingstittel
Gjenvinningsarbeider
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker ein til kollega til vår avdeling i Bremanger og Kinn. Hovudoppgåva vil vere som operatør ved gjenbruksstasjonane i Vedvik og Smørhamn.


Arbeidsoppgåver


  • Ordinære driftsoppgåver, samt tilrettelegging og etterarbeid ved gjenbruksstasjonen
  • Rettleiing av hushaldnings- og næringskundar om avfallssortering
  • Mottak, sortering og handtering av ordinært og farleg avfall
  • Avvikshandtering etter gjevne retningslinjer
  • Andre oppgåver knytt til dagleg drift

Kvalifikasjoner


  • Påliteleg, nøyaktig og strukturert
  • Arbeider sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
  • Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
  • Serviceinnstilt og klar for nye utfordringar
  • Maskinførarbevis (kan takast etter tilsetjing)Den tilsette vil få opplæring og grunnleggande forståing av arbeidet med farleg avfall. Erfaring med handtering av kjemikaliar eller farleg avfall er ein fordel, men ikkje eit krav. Søkar som ikkje har maskinførarbevis må ta dette ved tilsetjing.

Vi tilbyr


  • Fast 60 % stilling i ein framtidsretta bransje
  • Moglegheit til å gjere ein forskjell for miljøet kvar dag
  • God pensjonsordning

Stillinga rapporterer til avdelingsleiar ved gjenbruksstasjonene. Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med driftsleiar Frode Denk på telefon 915 31 042. Søknad og CV sendast til soknad@nomil.no og merkast med "Operatør Vedvik og Smørhamn".Søknadsfrist: 31.07.2024

Sektor
Offentlig
Sted
FLORØVEGEN 1102, 6710 Raudeberg
Stillingsfunksjon
Produksjon, Annet, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
358913576
Sist endret
27. juni 2024 07:22