Fastlege

Arbeidsgiver
Fjord kommune
Stillingstittel
Fastlege Fjord kommune
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du vår nye fastlegevikar?
Vi søker ein engasjert og nysgjerrig fastlegevikar, til fastlegeheimel med listestorleiek på kring 650 med oppstart frå 1. september eller etter avtale. Vikariatet for barselpermisjon går fram til og med mars 2025, med moglegheit for forlenging.

Å arbeide i Fjord kommune, er å arbeide i eit team beståande av kommuneoverlege, faste fastlegar og LIS 1 legar. I tillegg til helsesekretærar, helsesjukepleiarar, psykolog, psykiatrisk sjukepleiarar, psykisk helsearbeidar, jordmor, fysioterapeutar og ergoterapeut. Vi har legekontor både i Stordal og Valldal, og nyttar CGM journal. Det er eigen einingsleiar med ansvar for alt dagleg administrativ driftsarbeid ved kontora. Arbeidsstad kan avtalast nærmare med aktuell kandiat. Deltaking i interkommunalt legevaktsamarbeid ved Ørskog legevaktstasjon og nattlegevakt i Ålesund, begge med relativt låg vaktbelastning.

I Fjord kommune er det gode bumoglegheiter fleire stadar. Stordal og Valldal har gode tilbod innafor barnehage, barne- og ungdomsskule. Det går også an å pendle frå Ålesundsområdet, heile vegen er utan fjordkryssing. Fjord kommune si plassering på Sunnmøre, er tilgjengleg med 1 times køyretur frå Ålesund sentrum, og 55 minutter frå Moa-området, til Stordal. Frå Stordal til Valldal tar køyreturen ca. 20 minutt. Frå Ålesund Lufthamn, Vigra, er det godt rutetilbod med daglege avgangar.

Kommunen har kulturliv og eit heilt unikt tilbod innafor friluftsliv. Nydeleg natur med fjord og fjell rett utanfor stovedøra gir moglegheiter for fleire typar friluftsliv overalt i kommunen. Det er veldig godt samhold i kollegialet, der alle er interessert i friluftsliv.

Legane har faste fagmøter, og eit godt samarbeid med sjukehuset i Ålesund.

Vikariat vil vere på 80 % stilling, men om kandidat ønsker 100 %, vil dette la seg ordne.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.



Arbeidsoppgåver

  • Oppgåvene er i samsvar med gjeldandelover, forskrifter og avtaleverk.

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha godkjent norsk autorisasjon som lege
  • Det stilles krav om politiattest, i tråd med bestemmingar i helsepersonallova
  • Personleg eigenskap blir vektlagt for samarbeid i etablerte team
  • Den tilsette må beherske norsk særs godt munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit og samarbeidsevne vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pensjonsordning i KLP
  • Fastlønn etter avtale
  • Hjelpe til med å finne husrom og eventuelt arbeid for partner

Kontaktinformasjon

Rønnaug Hove, Leiar Fjord helse, +47 41867937

Arbeidsstad

Olavsgata 10

6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd



Referansenr.: 4833943426

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 30.04.2025

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
358927512
Sist endret
11. juli 2024 09:36