Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Om oss
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

I vakre vaksdalsbygda ligg Vaksdal sjukeheim og der høyrer vi på Ressurssenteret til. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Som tilsett hjå oss vil du få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

I stillinga arbeidar du tett på pasientane og vert ein del av eit dyktig arbeidsteam. I teamet er det både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar, der alle har brukarane i fokus. Vi er oppteken av personsentrert omsorg og har lagt vekk på musikkterpautisk tilnærming inn mot demenssjukdomen.

  • Vi har ei somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider.
  • Og så har vi ei avdeling med 15 langtidsplassar for personar med demens.

No har vi ledig ei fast stilling 70 % for helsefagarbeidar, fordelt på 47% i turnus og 23% i timebank. Turnus har arbeid kvar 3. helg.


Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av pasientar med alt frå stell til hjelp til daglege gjeremål
  • Medisinhandsaming
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande

Krav til kompetanse
  • Helsefagarbeidar
  • Personar som samlar timar og er på veg til å ta fagbrev vil bli prioriterte
  • Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med personar med demens
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Likar å jobbe sjølvstendig i eit travelt miljø med varierte arbeidsoppgåver og å ta ansvar på vakter
  • Er god på samarbeid og ser arbeidsgruppa som eit team. Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientar og pårørande
  • Påliteleg og stabil, samt løysingsorientert og positiv
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort
  • Vere trygg i deg sjølv og kunne takle endringar og uføreseielege hendingar

Personlege eigenskapar vert vektlagt, særskilt evne til å arbeide sjølvstendig og å vera fagleg trygg.


Vaksdal kommune kan tilby
  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
  • Hjå oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Sektor
Offentlig
Sted
Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
358929425
Sist endret
27. juni 2024 09:48