Inaktiv

Etterforskar politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver
FEFE - Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald, Møre og Romsdal politidistr
Stillingstittel
Etterforsker politibetjent 3/2/1
Frist
17.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei fast stilling som etterforskar i Molde. Det kan bli ledig fleire stillingar. Har du erfaring frå etterforsking og ønsker å bli ein del av vårt dedikerte team, vil vi gjerne høyre frå deg!

Stillingane som etterforskar skal bidra til å sikre stabilitet og kvalitet i etterforskningsarbeidet innan SO og grov vald og bidra til at Møre og Romsdal politidistrikt handterer sakene med den kvalitet og effektivitet som dette fagfeltet krev.

Arbeidet er prega av høgt tempo, og du må derfor ha god arbeidskapasitet. Du må og kunne vere fleksibel og like å finne løysingar då det ofte oppstår akutte saker som krev umiddelbar respons frå avsnittet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande som følgje av at ein ofte jobbar med mennesker i krise, og ein må levere arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. Du blir eksponert for mange sterke inntrykk gjennom handtering av ulike typar overgrepsmateriale. Vi har derfor eit særlig fokus på HMS, og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.

Vi har eit nært samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund. Vi arbeider også tett med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Vi har per i dag eit sterkt fagmiljø med ei fin blanding av erfarne medarbeidarar og unge etterforskarar med stor interesse for fagfeltet. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit mål at dette skal videreførast og prege avsnittet.

Stillingane er for tida organisert ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE), ved seksjon for etterforsking, avsnitt for grov vald og SO Nordmøre og Romsdal. Oppmøtestad er ved politihuset i Molde. Du må rekne med å reise noko i stillinga.

Vi ser fram til å høyre frå deg!



Arbeidsoppgaver

  • Etterforsking av straffesaker som høyrer inn under FEFE/seksjon for etterforsking/avsnitt for SO og grov vald, og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
  • Sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
  • Utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, herunder identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
  • Gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
  • Utføre taktisk gjennomgang av digitale beslag
  • Delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre einingar
  • Bidra til at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeidarskap
  • Kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar

Kvalifikasjoner

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skule
  • Erfaring frå etterforsking utover PHS
  • Munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Generelt gode IKT-kunnskapar og må kunne bruke relevant saksbehandlingssystem og prosjektstyringsverktøy
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønska:

  • Vidareutdanning innan etterforsking. Særleg vidareutdanning innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
  • Erfaring frå etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker
  • Erfaring og kompetanse på gjennomgang av digitale beslag
  • Kurs i datasystem brukt til gjennomgang av beslag
  • Anna relevant utdanning/erfaring

Personlige egenskaper

  • Du har gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
  • Du er strukturert og systematisk i arbeidet ditt
  • Høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
  • Du har gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
  • Du er fleksibel og løysingsorientert

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/


Vi tilbyr

  • En utfordrende og spennende arbeidsplass for deg som vil være med på å forme fremtidens politi
  • Stillingen lønnes som etterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    - Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
    - Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
    - Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
  • Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Hans Martin Gridseth, Seksjonsleder, 40236218

Ida Rindahl Hamnes, Avsnittsleder, 98825346

Arbeidssted

Strandgata 2

6415 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4830352851

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling, Vikar

Søknadsfrist: 17.07.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Strandgata 2, 6415 Molde
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
358934270
Sist endret
27. juni 2024 12:31