Korttidsseksjonen,Volda Omsorgsenter har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiarar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Stillingstittel
Korttidsseksjonen ,Volda Omsorgssenter har 2 faste st for sjukepleiar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide på Volda kommune si aktive og spennande korttidsavdeling. Og som er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Korttidsavdelinga inneheld ordinær korttidsfunksjon samt øyeblikkelig hjelp funksjon både innan somatikk og psykiatri. Autorisert vernepleiar kan og søke.,

Vi søker etter deg som synes det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden.

Vi har tett dialog med fysio-/ ergorterapeutar, lege, HBO, sjukehus og forvaltningskontor

Vi arbeider miljø retta, der du i møte med pasienten er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meningsfylt kvardag for pasientar og pårørande.

Vi har ledig 2 faste stillingar for sjukepleiar på korttidsseksjonen, ved Volda Omsorgsenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. Oppgi evt kva stilling % du ynskjer i søknaden



Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
  • Omsorg ved livets slutt.
  • Tett pårørande samarbeid.
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
  • Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.

Personlege eigenskapar

  • Du er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett pasienten i sentrum.
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar.
  • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
  • Du har lyst til å bidra til utvikling.
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens korttidsseksjon".
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.
  • Vi vil gjere tilsetjingar fortløpande.

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Elsebeth Melle, Seksjonsleiar Korttidsseksjonen , 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4833546443

Stillingsprosent: 100, 85%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
358942321
Sist endret
27. juni 2024 01:19