Inaktiv

Vetleflaten omsorgssenter søkjar helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Voss herad Vetleflaten omsorgssenter 1. etg.
Stillingstittel
Er du helsefagarbeidar og har lyst på 100% fast stilling?
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

På Vetleflaten Omsorgssenter treng me fleire dyktige kollegaer. Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår elles kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar på rekke og rad. Me har eit godt arbeidsmiljø, og støtter kvarandre til å gjere ein god jobb for brukarane av tenestene våre.

Det skjer mykje spanande utvikling på område aust, og personsentrert omsorg står høgt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.

Det er ledig 2 x 100% stilling med arbeid på Vetleflaten Omsorgssenter med tilsetjing snarast. Stillingane er i 3-delt turnus med arbeid dag, kveld, natt og helg. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

Me tilbyr

  • Særs spanande stillingar som skal drive helse- og omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.

  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling.

  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø som er prega av stort engasjement, solid kompetanse og godt humør.

  • Tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Me ynskjer også søkjarar som er under utdanning, og får autorisasjon i nær framtid.

  • Meistra skriftleg og munnleg norsk

  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Arbeidsoppgåver

  • Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga. Blant anna heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling, observasjon og behandling av brukarar. Fokus på brukarmedverknad, og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege.

  • Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende

  • Vere pådrivar for eigenmeistring

  • Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar

  • Veiledning og opplæring av kollegaer.

  • Samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell

  • Nytta velferdsteknologi

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer helsefagarbeidarar som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.

  • Du er kreativ og engasjert, med evne til å arbeide på nye og innovative måtar

  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode

  • Du likar å arbeide kunnskapsbasert og sjølvstendig, og å ta ansvar på vakter

  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til samarbeid i eit tverrfagleg perspektiv

  • Løysingsorientert, med god evne til gjennomføring

  • Generelt gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hardangervegen 49, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
358948232
Sist endret
28. juni 2024 06:14