Inaktiv

SFO-leiar

Arbeidsgiver
Åmot skule, Vinje kommune
Stillingstittel
SFO-leiar
Frist
07.07.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst til å vera med på å utvikle og leie SFO på Åmot skule? Me har ledig eit vikariat, med moglegheit for fast tilsetjing.

Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Som leiar av SFO vil du samarbeide tett med skuleleiinga. Me ynskjer oss ein leiar som er tydeleg, inkluderande og har ein autoritativ leiarstil. Ved vår skule er denne rolla ein funksjon, der du får nedsett tid til å utføre oppgåvene og eit månadleg tillegg. Du kjem til å vera ein del av eit team med dyktige fagarbeidarar, assistentar og pedagogar.

Arbeidsoppgåver

  • Organisere og drifte SFO, både i skuletid og feriar
  • Delta i relevante møte og kurs, td med leiinga, føresette og skulehelsetenesta
  • Kommunisere med tilsette, elevar og føresette
  • Vera kreativ
  • Finne på varierte aktivitetar i nærmiljøet
  • Rettleie andre tilsette i arbeidet
  • Handsame kortidsfråvær
  • Utføre arbeidet i tråd med rammeplan for SFO
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma, til dømes undervisning

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i helse- og oppvekstfaget, pedagog, vernepleiar eller anna helse- eller oppvekstfagleg kompetanse
  • Leiarerfaring med barn
  • Du er fagleg oppdatert
  • Du likar å leike
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • Gode digitale ferdigheiter, me nyttar Visma flyt timeplan og Visma skole
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er kreativ, dyktig og har god relasjonskompetanse
  • Du har gode samarbeidsevner, og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte
  • Du arbeider systematisk og målretta
  • Du er ein tydeleg leiar som er god på å ta og å gje ansvar
  • Du har godt humør og likar å leike med elevane
  • Du har god arbeidskapasitet og ser kor det er naudsynt med ei ekstra hand

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling
  • Ein attraktiv arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og engasjerte tilsette
  • Løn etter lokal lønstabell
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Kontaktinformasjon

Renate Øien, Verksemdsleiar, +47 40452948

Arbeidsstad

Skulevegen 10
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4830390602
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 07.07.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Skulevegen 10, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse
FINN-kode
359011241
Sist endret
28. juni 2024 06:17