Arealplanleggar

Arbeidsgiver
Kommunalområde Samfunn, Plan og bygning
Stillingstittel
Arealplanleggar
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ser etter tre erfarne, engasjerte og løysingsorienterte medarbeidarar til avdeling arealplan.

Hos oss blir du ein del av eit kunnskapsrikt og mangfaldig fagmiljø. Du vil arbeide tett med kompetente fagfolk innan ingeniørfag, juss, arkitektur og landskapsarkitektur.

Det er høg aktivitet både innan offentleg og privat sektor, og kommunen har fleire store planprosessar som er i startfasa. Vi skal i tida framover jobbe mykje med kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar, byutviklingsprosjekt og liknande. Avdelinga handsamer også plansaker, og har viktige rådgjevingsoppgåver ovanfor private aktørar, andre kommunale verksemder og politikarar.

Avdeling arealplan er tverrfagleg samansett, og er ein del av verksemd plan og bygning innanfor kommunalområdet samfunn. Der er 12 tilsette. Avdelinga vil bli oppbemanna i tida framover i samband med arbeidet som skal skje med kommuneplanens arealdel. Avdelinga har ei sentral rolle når det gjeld forvaltning av areal i Ålesund kommune gjennom arbeid og handsaming av kommuneplanen sin arealdel, områdeplanar og detaljreguleringsplanar.



Arbeidsoppgåver

  • Kvalitetssikre og sakshandsame private og offentlege reguleringsplanar
  • Deltaking i arbeid med kommuneplanens arealdel og andre tematiske planar.
  • Deltaking i utviklingsprosjekt.
  • Kontakt og dialog med næringsliv, politikarar og innbyggjarar.
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga ved behov og etter kvalifikasjon.

Kvalifikasjonar

  • Ønskja bakgrunn er fagområda arealplanlegging, ingeniørfag, samfunnsplanlegging eller arkitektur på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
  • Erfaring frå arealplanlegging, byutvikling og prosjektstyring.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning/sakshandsaming vil vere ein fordel.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Kommunen er språknøytral, så du kan nytte både bokmål og nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein sjølvstendig, engasjert og løysingsorientert person.
  • Du er ein samarbeidsorientert medarbeidar, som også kan jobbe godt sjølvstendig.
  • Du har gjennomføringskraft.
  • Du er god på kommunikasjon og å skape kontakt.
  • Interesse og vilje til å ta i bruk og utvikle nye arbeidsverktøy/-metodar.

Vi tilbyr

  • Fagleg spanande og varierte oppgåver.
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling.
  • Moglegheit til å påverke morgondagens samfunn.

  • Lønn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Kommunale tilsettingsvilkår med pensjonsordning og personalforsikring.

Kontaktinformasjon

Silja Øvrelid, Verksemdsleiar, silja.ovrelid@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Keiser Wilhelms gate 11

6003 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn



Referansenr.: 4830861255

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
359017662
Sist endret
28. juni 2024 06:29