Inaktiv

Helsefagarbeidar/aktivitør

Arbeidsgiver
Førebygging og meistring, Ålesund kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Med utgangspunkt i eit ønske om å levere gode førebyggande tenester har Ålesund kommune samla mange av dei førebyggande tenestene i verksemd førebygging og meistring. I tillegg til seniorsenter inneheld verksemda dagtilbod for personar med demenssjukdom, geriatriske sjukepleiarar og hukommelsesteam, støttekontaktteneste, ergo- og fysioterapiteneste og teknisk hjelpemiddelservice. Verksemda har dermed eit godt fundament for god samhandling mellom ulike tenester med felles målsetting om å sørge for ein aktiv kvardag med stor grad av meistring for kvar enkelt.

Vi har no ledig eit års vikariat (ut august 2025) knytt til Spjelkavik seniorsenter.

Seniorsenteret er ein møteplass for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Senteret har både eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen og eit dagtilbod med vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand.

Per i dag inneber stillinga dagarbeid.



Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å utvikle seniorsenteret vidare slik at det kan fortsette å vere ein attraktiv plass å vere for seniorar
  • Arrangere og leie aktivitetar på senteret
  • Ivareta både dagbrukarar og besøkande på seniorsenteret og sørge for at alle som er innom får ein god dag
  • Målretta miljøarbeid og tilrettelegging overfor både enkeltbrukar og gruppe

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar eller aktivitør, relevant erfaring kan kompensere for manglande formalkompetanse
  • Grunnleggande dataferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådet sin nivåskala (CERF)

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein medarbeidar som er kreativ, utadvent og positiv
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert, ha evne til nytenking og vere glad i utfordringar
  • Du må ha gode samarbeidsevner samstundes som du også må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du har interesse for aktivitet og aktivisering
  • Personlege eigenskapar blir sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer og ei god atmosfære
  • Ein arbeidsplass som verdset kommunen sine verdiar: open, engasjert og modig
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Pensjonsrettigheiter i KLP

Kontaktinformasjon

Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952

Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553

Arbeidsstad

Olav Sundes veg 2

6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4833403818

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Olav Sundes veg 2, 6018 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
359018031
Sist endret
28. juni 2024 06:30