Kulturskulelærar messing -  36% fast stilling

Arbeidsgiver
Kultur og fritid, Stranda kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar, 36% fast stilling
Frist
25.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stranda kulturskule søkjer etter ein engasjert og dyktig messinglærar til 36% fast stilling få 01.08.2024.

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning til elevar i alle aldrar og nivå, både individuelt og i grupper
  • Dirigering av Stranda skulekorps/aspirantkorps
  • Tilrettelegging for eit inspirerande og inkluderande læringsmiljø
  • Utvikling og planlegging av undervisninga
  • Samarbeid med andre lærarar i kulturskulen
  • Bidra til arrangement og konsertar

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Lang og relevant erfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring frå undervisning i kulturskule eller liknande arbeid
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og muntleg
  • Evne til å motivere og inspirere elevar
  • Gyldig førarkort for personbil og disponere eigen bil
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Kulturskulen disponerer tenlege og moderne lokale ved Storfjord Kulturhus i Stranda sentrum
  • Stor fridom og stort ansvar. Gode moglegheiter for faglege utfordringar og utvikling, åleine og i samarbeid med kollegaer.
  • Lønn og rettar etter gjeldande avtaleverk
  • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt

Offentleg tenestpensjon

Kontaktinformasjon

Evgenii Zhukov, Konst. fagleiar kultur

Arbeidsstad

Øyna 1
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4832628759
Stillingsprosent: 36%
Fast
Søknadsfrist: 25.07.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Øyna 1, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359025288
Sist endret
28. juni 2024 10:06