Terapeut psykisk helse og rus born og unge

Arbeidsgiver
Brenn du for å styrke psykisk helse for born og unge? Vil du vere med å forme ei
Stillingstittel
Miljøterapeut psykisk helse og rus born og unge
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stranda kommune styrkar satsinga på born og unge med inntil 200% stilling. Tenesta skal vera eit lågterskeltilbod og tilby behandling og oppfølging til barn og unge med milde til moderate psykiske plager, reaksjonar på belastande livshendingar, og begynnande rusproblem. Tilbodet skal ha eit familieperspektiv og tilby foreldrestøtte og rettleiing. Satsinga skal vere ein integrert del av tenesta born, familie og mestring, og legge til rette for tverrfagleg samarbeid i kommunen og opp mot spesialisthelsetenesta.

Vi søkjer personar med sterkt engasjement for born og unge si psykiske helse, har fokus på livsmestring og ressursar, og som vil jobbe for å styrke og utvikle det kommunale arbeidet innan psykisk helse born og unge.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for utvikling av det konkrete tenestetilbodet i tenesta, jfr. nasjonale faglege retningsliner og lov og forskrifter. Delta i kommunens BTI (betre tverrfagleg innsats) arbeid for utarbeiding av rutinar for og etablere samhandling med andre relevante tenester, internt og eksternt. Klinisk arbeid knytt til oppfølging av born, unge og familiar med fokus på ressursar og livsmestring.

Det på påreknast noko arbeid på kveldstid for å kunne møte born og unge og deira familier der dei er og utifrå kva dei har behov for.

Kvalifikasjonar

Minimum treårig relevant universitet/ høgskuleutdanning.

Relevant vidareutdanning t.d. psykisk helse born og unge, familieterapi er ønskjeleg.

Klinisk erfaring frå arbeid med born og unge og deira familie er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre.

Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med born og unge.

God forståing for tidleg innsats, førebyggande og helsefremmande arbeid.

Strukturert, fleksibel og løysningsorientert.

Interesse for utviklings- og endringsarbeid.

Kompetanse eller erfaring med rettleiing av born og familiar.

Ser nytte av å gi tilbod til grupper.

Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil.

Vi tilbyr

Eit spennande og utviklingsfremjande arbeidsmiljø der høg fagkunnskap vert vektlagt. Ein får vere med å vidareutvikle eit oppfølgings- og behandlingstilbod til born og unge. Vidareutdanning/kurs vert gitt og vektlagt.

Lønn og tilsetting skjer etter gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Aina Holmberg, Einingsleiar, +47 46411065

Arbeidsstad

Øyna 13
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4832554249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Øyna 13, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
359029869
Sist endret
28. juni 2024 10:56