ID 933 Helgestilling i eining for habilitering - 16,9 % fast

Arbeidsgiver
Havahuset Bu- Og Servicesenter Psykisk Utviklingshemma
Stillingstittel
Assistent PU
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter fleire som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.


Me treng deg som:


  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Er stabil og påliteleg
  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
  • Legg til rette for aktivitet, trivsel og meistring
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevne

Kvalifikasjonskrav:


  • Fagarbeidar/miljøterapeut/student
  • Førarkort klasse B, manuell gir
  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar

Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.


Me kan tilby:


  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentlig tenestepensjon i KLP

Søknadsfrist snarast, innkalling til intervju fortløpande.


Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
359031398
Sist endret
28. juni 2024 08:23