Områdevikar barnehage

Arbeidsgiver
Luster kommune Oppvekst
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me har stort behov for fleire kollegaer i barnehagesektoren frå 1. august 2024. Omsorg og tryggleik er viktig i barnehagane, og me er spesielt på utkikk etter:

  • deg som er vaksen og ansvarsbevisst
  • deg som likar å vera saman med barn
  • deg som held avtalar og er fleksibel på arbeidstider mellom 07.00-16.00

Stillingsinformasjon

  • Ledig inntil 200 % fast stilling som områdevikar i barnehagane
  • Oppmøtestad Gaupne, eventuelt annan krins etter avtale
  • Køyring til annan barnehage enn oppmøtestad vert godtgjort

Kvalifikasjonar

  • Arbeidserfaring frå barnehage er ønskjeleg, men ikkje noko krav
  • Førarkort
  • Tilsetjing krev godkjent politiattest
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg


Personlege eigenskapar som vert vektlagd

  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setja grenser
  • evne til å byggja relasjonar med barn og vaksne
  • har tolmod
  • ønske om å bidra positivt i arbeids- og barnehagemiljøet vårt

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale, med utgangspunkt i gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
359039930
Sist endret
28. juni 2024 12:57