Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søkjer du nye utfordringar som sjukepleiar og har lyst til å bli ein del av eit fantastisk arbeidsmiljø?

Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!
Er du nysgjerring på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr

Vi har ledig:

  • 2 x 70 % fast stilling
  • 2 x 80 % vikariat
  • 1 x 60 % vikariat

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar, med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med kirurgiske pre- og postoperative sjukepleiaroppgåver.

Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.

Ledig frå snarast eller etter avtale.

Avhengig av søkarane er vi open for anna stillingsfordeling. Skriv gjerne i søknaden kor høg stillingsprosent du ønskjer. Fast stilling kan og kombinerast med vikariat for å oppnå høgare stilling. Interne omrokkeringar kan også gje andre ledige stillingar. Det er også mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg.



Arbeidsoppgåver

  • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåver
  • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar
  • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Samhandling med kommunar
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har dei formelle kvalifikasjonane og er offentleg godkjend sjukepleiar
  • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi
  • Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du har eit fagleg engasjement
  • Du viser fleksibilitet og evne til omstilling
  • Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er positiv og har gode haldningar
  • Du er pasientorientert
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med fokus på nærvær og trivsel
  • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året
  • Fagkveldar med fagutviklingsjukepleiar, kombinert med sosialt fokus
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad.

Byen vår! Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med festivalar og konsertar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Du kan lese meir om regionen vår her.

Kontaktinformasjon

Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, 70105900 / 92041783, Ellen.I.Lagabo.Molnes@helse-mr.no

Kjersti Ulset Lade, 70105885, kjersti.ulset.lade@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4833428398

Stillingsprosent: 70, 80, 60%

Fast, Vikariat

Sluttdato: 30.09.2025

Søknadsfrist: 28.07.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
359044206
Sist endret
28. juni 2024 01:02