Inaktiv

1 ledige 100 % stillingar som barnehagelærar

Arbeidsgiver
Voss herad Tueteigen barnehage
Stillingstittel
Vil du bli kollegaen vår i Tueteigen barnehage?
Frist
28.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tueteigen barnehage søkjer engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen.

Me har ledig:

  • 100 % fast barnehagelærar knytt til einskilt barn for barnehageåret 2024-2025 med moglegheit for forlenging

Tidsrom:

  • 12.08.2024

Me tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20.000 kr for dei som får 100 % stilling i Tueteigen barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehagen enn Tueteigen fylgjer ikkje rekrutteringstillegget med.
  • Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
  • Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
  • Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
  • Førebu og gjennomføra oppstartsamtalar og foreldresamtalar
  • Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Ynskjeleg med erfaring i ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon).
  • Andre søkjarar kan bli vurdert.

Dei som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest

Personlege eigenskapar:

  • målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
  • varm og grensesetjande
  • er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg
  • god evne til samarbeid og søkja felles forståing
  • godt fagleg engasjement og kan bidra til utvikling av barn i barnehagen
  • sjølvstendig og strukturert med god gjennomføringsevne
  • kan handtera ein krevjande arbeidskvardag

Me ynskjer:

  • at borna skal møta engasjerte, kompetente og trygge tilsette som kan gje barna ein god barndom
  • engasjerte pedagogar med god fagleg kompetanse med eit stort hjarte for barn
  • at du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • at du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
  • deg som har fokus på barna sitt beste
  • deg som evne og har vilje til å samarbeid, samstundes kan jobba sjølvstendig
  • at du er utviklingsorientert, engasjert, løysingsorientert og fleksibel
  • deg som kan bidra til at barna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og mestringsopplevingar kvar dag i vossabarnehagan

Informasjon om barnehagen:

Tueteiegen barnehage er ein 4-avdelingsbarnehage i Granvin, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er vedtatt at det skal byggjast ny barnehagen i Granvin, og den prosessen er godt i gang.

Barnehagen sine satsingsområde er trygt og godt barnehagemiljø og språk og kommunikasjon. Me legg stor vekt på at leiken skal bli prioritert i barnehagekvardagen. Borna skal møta pedagogiske medarbeidarar som er aktive, engasjerte og deltakande i borna sin leik, og som er tilstades "på golvet" saman med borna.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
5700 Voss
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359058036
Sist endret
01. juli 2024 11:06