Overlege, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege ved Avdeling for Rusmedisin LAR
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst til å arbeide i eit fagfelt i spennande utvikling tett knytt opp mot forsking? Då må du søke her!

Avdeling for rusmedisin, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), søker overlegar.

Avdeling for rusmedisin (AFR) består av fleire seksjonar, herunder ein eigen seksjon for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna med aukande differensiering av tenester for avhengelidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.

Seksjon LAR er inndelt i sju team. Fem av dei følger opp LAR-pasientar i Bergen kommune og er organiserte i eigne poliklinikkar i bydelane. Eit team har ansvar for oppfølging av pasientane i omegnskommunane, medan det sjuande teamet er Heroinassistert behandling som frå hausten vil halde til i nye lokale i Bergen Sentrum. Kvart team består av teamleiar, psykolog, sosionomar, vernepleiarar, sjukepleiarar, merkantil, erafringskonsulent, forskingssjukepleiar, lege i spesialisering eller cand.med og overlege.

Arbeidsformen er teambasert og tverrfagleg. Godt samarbeid med andre seksjonar i AFR, DPS, somatiske sjukehuseinigar, fastlegar, sosialtenester og øvrige kommunale tenestetilbod er av stor betydning for den enkelte pasients heilskaplege behandling og rehabilitering. Kvart team følger opp mellom 150 og 200 pasientar. Som overlege i LAR har man ansvar for den rusmedisinske behandlinga av pasientane, både substitusjonsbehandlinga og behandling av pasientanes øvrige rus- og avhengnads-problematikk, mellom anna tilvising til avrusing og stabilisering. Ein deltar også i vurderings- og inntaksarbeid med å vurdere tilvisingar til LAR. Det er moglegheit til å delta i avdelinga sin vaktordning.

Seksjon LAR har også ansvar for oppfølging av somatiske helseplagar som blir avdekka hos pasienten ved den årlege helseundersøkinga, og som også tener som innsamling av data til forsking i LAR-helseregister. Det er eit særleg fokus på diagnostisering og behandling av hepatitt C og kronisk lungesjukdom, samt kosthald, fysisk aktivitet og røykeslutt gjennom forskingsprosjekt (randomiserte kliniske studiar).

Samarbeid med Bergen Addiction Research group (BAR) i AFR om forskingsprosjekt er ein integrert del av den daglege drifta. AFR er og tildelt leiarrolle i å koordinere nasjonale og multisenterstudiar på effekten av substitusjonsbehandling ved avhengigheit til benzodiazepinar og amfetaminar (NORCATS). Det tilbys mellom anna behandling for avhengigheit til benzodiazepinar via et forskingsprosjekt (BMX-BAR) der pasientane blir randomisert tilfeldig til anten stabilisering eller nedtrapping med mildare typer av benzodiazepinar. Hausten 24 vil det bli starta ein multisenterstudie i substituering av amfetaminavhengige pasientar i LAR. Denne er leia av NORCATS og BAR i forskingsseksjonen i AFR.

Overlegen samarbeider tett med pasientenes behandlar i LAR (sjukepleiar, vernepleiar, sosionom) i den daglege oppfølginga av pasientane og ein samarbeider med psykolog om behandling av pasientanes psykiske lidingar, herunder utredning og behandling av ADHD. Overlegane i LAR har eit tett samarbeid, og samlast ein dag kvar veke for inntaksmøte og legemøte der ulike problemstillingar, mellom anna utfordrande pasientsaker, blir drøfta. Unntaksvurderingar blir beslutta også på legemøte.
Legar som er tilsett i LIS-stilling og har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten eller er tilsett som konstituerte overlege, kan også søke på stilling.



Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatisk- og psykiatrisk sjukdom
  • Samhandling og samarbeid med 1. og 2. linjetenesta
  • Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervisning

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller anna relevant spesialitet
  • Den som blir tilsett må dokumentere norsk offentleg godkjenning (Norsk autorisasjon)
  • Det er krav om dokumentert kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søker medarbeidarar som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar
  • Vi søker etter deg som har høgt fagleg nivå
  • Vi verdset gode samarbeidsevner på tvers av profesjon
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære med tryggleik, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evner å verdsette kollegaers kompetanse og erfaring, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon

Vi tilbyr

  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Moglegheit for deltaking i avdelingas heimevaktordning
  • Lønn i samsvar med tariff samt eit fast individuelt tillegg
  • Tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Fatemeh Chalabianloo, Seksjonsoverlege LAR, 91374581, fatemeh.chalabianloo@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Østre Murallmenningen 7

5012 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4833405319

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Ledelse
FINN-kode
359065886
Sist endret
01. juli 2024 11:06