Overstyrmann i sambandet Gjermundshavn-Varaldsøy-Årsnes, p.t. MF Lærdal

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Gjermundshavn-Varaldsøy-Årsnes, p.t. MF Lærdal
Frist
19.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Gjermundshavn-Varaldsøy-Årsnes, p.t. MF Lærdal.

MF Lærdal blei bygd i 1997, og er nyleg ombygd til hybrid der ho har batterier som primær energikjelde for framdrift.

Skiftordning: 2 veker på (1 veke dag/1 veke natt) og 2 veker av.
Rederiet har overnattingsmoglegheiter til sambandet på land.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!



Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Oppgåver iht alarminstruks
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på (ei veke dag og ei veke natt), 2 veker av
  • Selskapet kan tilby overnattingsmoglegheiter i arbeidsperioden

Kontaktinformasjon

Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704

Arbeidsstad



5635 Hatlestrand

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4834527580

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.07.2024


Sektor
Privat
Sted
5635 Hatlestrand
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Sjøfart / Dekksoffiser
FINN-kode
359066012
Sist endret
01. juli 2024 11:06