Barnehagelærar, 100% vikariat 

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing 100% vikariat barnehagelærar, frå snarast - 31.12.24
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Det vert ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar, for tida ved Byrknes barnehage og skule, frå snarast/etter avtale til 31.12.2024, med moglegheit for forlenging.

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Eininga fekk vinteren 2020/2021 eit flott nytt barnehagebygg. Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.


Barnehagane i Gulen har:
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver
  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde.
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert dersom ein ikkje får andre søkjarar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
359071946
Sist endret
01. juli 2024 11:06