Postdoktor i romfysikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i romfysikk
Frist
01.08.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktor i romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig stilling som postdoktor innan romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til teamet «Hard Radiation from Thunderclouds» innan romfysikk og er finansiert av Norges Forskningsråd og ASIM midlar.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Teamet «Hard Radiation from Thunderclouds» innan romfysikk forskar på elektriske fenomen i atmosfæren og spesielt korleis relativistiske elektron og gammastråling vert produsert i toreverskyer og elektriske utladingar. Dette teamet har spela ei leiande rolle i Atmosphere Space Interaction Monitor (ASIM) som sit på den internasjonale romstasjonen. Det har også leia Airborne Lightning Observatory for FEGS and TGFs (ALOFT), ein flykampanje som blei gjennomført sommaren 2023. Dei banebrytande datasetta frå desse to eksperimenta har ført til fleire oppdagingar som har vore publisert i prestisjefulle journalar som Science og Nature. Prosjektet knytt til denne postdoktorstillinga vil gjere ytterlegare nytte av desse datasetta og også ta del i framtidige flykampanjar som gruppa planlegg. Alle tilgjengelege og relevante data for denne forskinga vil bli nytta i dette prosjektet, inkludert elektriske felt, optiske, radar og bakkebaserte målingar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert erfaring frå forsking på jordiske gamma-glimt (TGF)er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Det er ein fordel om søkaren har erfaring innan desse områda:

  • Prosessering av gammastrålingsdata frå toreverskyer og kjennskap til utfordringar innan analyse av slike data
  • Kjennskap til analyse av optiske og radio data knytt til jordiske gamma-glimt (TGF).
  • God teoretisk forståing og bakgrunn innan prosessar involvert i produksjon av gamma-stråling frå toreverskyer
  • Gode ferdigheiter i programmering

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Åremål stillinga på 4 år vil også inkludere undervisning som svarar til 25% av den totale arbeidsperioden. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon:

For spørsmål ta kontakt med professor Nikolai Østgaard, Institutt for fysikk og teknologi, tel. +47 55 58 27 94 / e-post Nikolai.Ostgaard@uib.no eller professor Martino Marisaldi, Institutt for fysikk og teknologi, tel. +47 55 58 46 20/ e-post Martino.Marisaldi@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@,uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør
FINN-kode
359091574
Sist endret
01. juli 2024 11:06