Inaktiv

Bli med å bidra til en positiv endring for ungdom!

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, Bufetat
Stillingstittel
Miljøterapeutstilling - Fast og vikariat
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Informasjon om stillinga og arbeidsstaden

Ønsker du å jobbe med ungdom og bidra til å gjere ein forskjell i livet deira? Ta ein titt her:

Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet søkjer etter fast miljøterapeut, samt at vi har eit vikariat. Vi kan tilby ein helsefremmande todelt turnus med hovedsakeleg dag og kveldsvakter, med arbeid kvar fjerde helg. Ein turnus som gir deg fagleg påfyll kvar veke gjennom deltakelse på konsultasjonsteam, og Trygghet og sikkerhetstrening saman med kollegaer.

Hos oss har vi ein bemanning med 3 på dag, 4 på kveld og 2 på natt.

Sogn og Fjordane ungdomssenter er eit omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Sogn og Fjordane ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorgs- og endringsmodellen etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Meltunet er knytta til eit gardsbruk kor vi benyttar garden og dyra i vårt miljøterapeutiske arbeid i tillegg til andre aktivitetar som motiverar og intresserar den enkelte ungdomen.

Dersom du setter pris et godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse, så bør du ikkje la denne sjansen gå fra deg.

Dersom du vil høyre meir om korleis det er å jobbe hos oss på Meltunet kan du ta kontakt med ein av oss i leiinga, eller ta direkte kontakt med avdelinga. Eventuelt ta ein titt på på heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter

  • Stillingane som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevist omsorg, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar.
  • Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Det vert oppmoda om å delta i fagmøter og rettleiing.
  • Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.

MEN mest av alt er ein i lag med ungdomen, har samtaler, finner på aktivitetar og gjer kverdagslige ting i lag. Vi jobber for å motivere til endring, hjelpe ungdomen til å ta bedre val for seg sjølv og bli "Kaptein i sitt eiga liv".

Vi ynskjer ei tilnærma lik kjønnsfordeling blant våre tilsette, med bakgrunn i gitte føringar i Rettigheitsforskrifta. På bakgrunn av dette, oppmodar vi særleg kvalifiserte menn til å søkje.

Vikariatet varar til august 2025.



Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på
begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på
grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane
ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.

  • Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke
    i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
  • Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige
    samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere
    praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i
    institusjon.
  • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid knytt til både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skole og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.

Kvalifikasjonar

  • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, men søkarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60
    stp. relevant vidareutdanning.
  • For alle søkarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med
    ungdom med utfordrande åtferd.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernlova og barnevernets arbeid.
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Krav om førarkort for personbil, med manuelt gir.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • har evne til å ta ansvar, er romsleg, fleksibel, sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
  • kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og fagleg perspektiv
  • trivs med utfordringar

  • har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom
  • har fokus på brukarmedverknad og familie- og nettverksarbeid
  • har gode evner til å bygge relasjon
  • har evne til å ta imot rettleiing, og å gjere seg nytte av denne
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god fysisk og psykisk helse

Vi tilbyr

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr.45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr.53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr.54-64).
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 - 454 500 (ltr.30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 - 487 800 pr. år (ltr.39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300 (ltr. 41-50).
  • Løn og stilingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
    Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Espeseth Øvrebotten, Enhetsleder Sogn og Fjordane ungdomssenter, 976 4 8956, ragnhild.ovrebotten@bufetat.no

Miriam Hoddevik, Avdelingsleder Meltunet, 466 18 831, miriam.hoddevik@bufetat.no

Arbeidssted

Sophus Lie-vegen 5

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat



Referansenr.: 4788206934

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sophus Lie-vegen 5, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
359408609
Sist endret
01. juli 2024 05:16