Inaktiv

Spennande stilling som ikkje berre er ei "nattevaktstilling"

Arbeidsgiver
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, Bufetat
Stillingstittel
Fast stilling som miljøterapeut - nattevakt
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ein fast 85 % miljøterapeutstilling som nattevakt.

Informasjon om stillinga og arbeidsstaden

Hjå oss i Sogn og Fjordane ungdomssenter er ikkje ei nattevaktstilling berre å jobbe natt! Som nattevakt gjer ein ein utrulig viktig jobb for ungdomane som bur hjå oss. Ein bidreg til omsorg, struktur og tryggheit - som igjen gir ungdomane hjå oss mulighet til utvikling. Vår turnus for nattevakter er lagt opp til at ein jobbar to stk saman i eit "nattevaktsteam", der ein har 4 nattevakter og så fri ca ei veke før, ein jobbar 3 nattevakter, og deretter fri ei veke osv. Ein jobbar kvar 3 helg.

I turnus er det lagt opp til at ein deltek på faste fagmøter med resten av arbeidsgruppa, og har slik mogligheit for fagleg utvikling, og er ei viktig stemme inn i vårt faglige miljøterapeutiske arbeid med ungdommne. I tillegg har ein nokre vakter der ein har meir tid med ungdomane utanom "sovetid".

Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og
unge etter barnevernloven §§ 3-2 og 5-1. Sjå vår heimeside.

Institusjonen gir behandlingstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år. Den optimale opphaldstida er 6-12 månader, men kan utvidast etter
individuelle planar og behov.
Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm.

Vi ønsker deg med på laget for framtidas omsorgsinstitusjoner.



Arbeidsoppgåver

Sogn og Fjordane ungdomssenter har eit viktig samfunnsoppdrag og skal ivareta ungdom som har behov for plassering utanfor heimen. Våre avdelingar har basis i traumebevisst omsorg, og skal ivareta ungdomen på ein inkluderande og omsorgsfull måte. Sentralt for arbeidet på
begge avdelingane er miljøterapi med miljøterapeutiske strukturar og relasjonsarbeid. Arbeidet på institusjonen baserar seg dermed på
grunnleggande miljøterapi og traumebevisst omsorg. Vi jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM). Kjernen i OEM er å gi ungdomane
ferdigheiter som kan skape ein positiv endring i livet deira. Gjennom OEM ønskjer vi å hjelpe ungdomane med å ivareta og etablere gode
relasjonar og regulere tankar og følelser i retninger som styrker sjølvfølelse, og å ta gode valg for seg sjølv.

  • Hjå oss jobbar ein for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke
    i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
  • Som tilsett skal du samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige
    samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Som miljøterapeut må du pårekne rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing. I tillegg vil det vere
    praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga. Ein skal delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i
    institusjon.
  • Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.

Vi er stolte av vårt samfunnsoppdrag, og vi jobbar aktivt med utvikling og endringsarbeid tilknyttet både oss sjølv som ansatte og overfor
ungdomen. Vi har tett samarbeid med ungdomen, foreldre, nettverk, kommune, skole og helse (BUP). Vi imøteser læringsutbytte på alle
arenaer.

Kvalifikasjonar

  • Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60
    stp. relevant vidareutdanning.
  • Har du bachelor innen landbruk og erfaring knytta til å jobbe med barn og unge, oppmodast du til å søkje.
  • Søkjarar med lang og relevant erfaring utan høgskuleutdanning, kan ved særlege høve vurderast.
  • For alle søkjarar vert det lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med
    ungdom med utfordrande åtferd.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
  • Det er ønskjeleg at du har kjennskap til "Rettighetsforskriften".
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til bruk av dyr i arbeid med barn og unge.
  • God kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Krav om førarkort for personbil, med manuelt gir.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • har evne til å ta ansvar, er romsleg, fleksibel, sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
  • kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og fagleg perspektiv
  • trivst med utfordringar

  • har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom
  • har fokus på brukarmedverknad og familie- og nettverksarbeid
  • har gode evner til å bygge relasjon
  • har evne til å ta imot rettleiing, og å gjere seg nytte av denne
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god fysisk og psykisk helse

Vi tilbyr

  • Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, eller 1489
    miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - kr 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernpedagog, 1185
    spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - kr 624 500pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr
    532 200- 624 500 pr. år (ltr. 54 - 64).
  • For søkare utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i SKO 1486 miljøarbeidar, pt. kr. 394 100 - kr 454 500 (ltr 30-43), SKO 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 - 487 800 (ltr 39-48) eller SKO 1488 miljøterapeut kr. 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Turnustillegg kjem i tillegg til grunnløn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om
    bustadlån til konkurransedyktig vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søker

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.

Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Miriam Hoddevik, Avdelingsleiar Meltunet, 46618831, miriam.hoddevik@bufetat.no

Arbeidssted

Sophus Lie-vegen 5

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat



Referansenr.: 4827241610

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 05.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sophus Lie-vegen 5, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
359408675
Sist endret
01. juli 2024 05:09