Inaktiv

Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon assisterande seksjonsleiar
Frist
05.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle den nye barnesengeposten på Hjelset, poliklinikk- og dagbehandlingstilbodet til barn på Hjelset og som ein del av spesialisthelsetenesta i Distriktsmedisinsk senter Kristiansund (DMS Kristiansund)?

Vi har ledig 100% vikariat for Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar med funksjon som assisterande seksjonsleiar frå 05.08.24 med eit års varigheit.

Stillinga er direkte underordna seksjonsleiar, og har tilsett barnelegar, sjukepleiarar, barnepleiarar og sekretærar. Det er et tett samarbeid mellom profesjonane i avdelinga.

Du vil samarbeide tett med leiar når det gjeld administrative oppgåver knytt til å bygge barnemiljø og planlegge og utvikle drifta av døgn-, dag- og heimebehandling inn mot nytt fellessjukehus på Hjelset og i DMS Kristiansund. I samarbeid med seksjonsleiar kan ein avtale noko klinisk arbeid.

Sengepost for born og unge har åtte sengeplassar. Vi tek i mot både medisinske pasientar og kirurgiske/ortopediske pasientar til innlegging. Vi har også pasientar inne til dagbehandling innanfor fleire fagområde.

Vi ynskjer oss sjukepleiar med interesse for fagfeltet, engasjement og vilje til å vere med å utvikle avdelinga. Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!

Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breitt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Døgndrift i sengeposten vert overført til SNR Hjelset i april 2025.



Arbeidsoppgåver

  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift i seksjonen.
  • Førebu flytting til nytt sjukehus.
  • Oppgåver knytt til innovasjon og utvikling av barnetilbodet i SNR Hjelset og tilbod om spesialisthelseteneste til born i Kristiansund.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar eller annan relevant helseutdanning med bachelor
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også arbeide i team
  • Kjennskap til turnusarbeid
  • Leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og løysningsorientert
  • Du har høg arbeidskapasitet og fleksibilitet
  • Du har gode kommunikasjonevner
  • Du kan ta raske avgjerder
  • Du likar arbeide i eit hektisk arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetting:

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, +47 71121558, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4815194064

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 05.08.2024

Sluttdato: 03.08.2025

Søknadsfrist: 30.06.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
359441071
Sist endret
01. juli 2024 09:50