Kantinemedarbeidar

Arbeidsgiver
EID VIDAREGÅANDE SKULE, VESTLAND FYLKESKOMMUNE
Stillingstittel
Kantinemedarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eid vidaregåande skule ligg sentralt i Nordfjord i Eid sentrum. Skulen er ein kombinert skule med tilbod innan studieførebuande- og yrkesfaglege utdanningsprogram, og har om lag 80 tilsette og nær 350 elevar.

Frå 26.09.24 har skulen 50% ledig stilling som kantinemedarbeidar. Kan vere aktuelt med engasjement ut over fast stilling.

Kantina på Eid vidaregåande skule er ein sosial og attraktiv plass - ein hjarteSTAD for elevar og tilsette. Skulen har godt samarbeid med Operahuset Nordfjord, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og lokalt næringsliv. Dette gjev rom for varierte, spennande og lærerike arbeidsdagar. For meir informasjon kan du ta kontakt med kontaktperson.



Arbeidsoppgåver

Lage og stelle til varme og kalde rettar.

Sal av mat og service til brukarane av kantina.

Lage til og servere mat til ulike arrangement og møter.

Førefallande kjøkkenarbeid som rydding og reinhald.

Vere med på tinging og prising av matvarer, planlegge og utarbeide menyar.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg med relevant vidaregåande utdanning innan restaurant og matfag eller tilsvarande.

Det vert krevd erfaring frå arbeid i kantine eller tilsvarande.

Personlege eigenskapar

- Du må like å lage mat og vere oppteken av sunt kosthald og gode matvanar.

- Serviceorientert og ryddig.

- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

- Erfaring frå arbeid med ungdom vil vere ein fordel.

- Kreativ, godt humør og trivast med å vere i kontakt med ungdom.

Vi tilbyr

Trygt og godt arbeidsmiljø.

Kjøkken som opnar for spennande arbeidsoppgåver.

Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Vilkår

Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Peter Bakke-Smørdal, avdelingsleiar

Alf Reidar Myrstad, rektor , 90962632

Arbeidsstad

Sophus Lie-vegen 3

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4834298453

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
359451762
Sist endret
01. juli 2024 01:09