Inaktiv

Ønskjer du ei allsidig og spennande stilling som sjukepleiar på Dialyse og Medisinsk sengepost?

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost 1, Helse Førde
Stillingstittel
Ønskjer du ei allsidig og spennande stilling som sjukepleiar på dialysen og medisinsk sengepost?
Frist
18.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dialysepost og Medisinsk sengepost har ledig kombistillingar som sjukepleiar. Stillingane vil bli fordelt slik: 50% dialyse og 50% Medisinsk sengepost.
Ein vil få jobbe totalt i 100% i fast stilling.

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Du vil oppleve gode, mindre gode, tunge, fine, triste, morsomme, spennande, aktive, lærerike, frustrerande og innhaldsrike dagar. Det vi også kan love er at du vil oppleve dette omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Dialysen i Førde har plass til 10 pasientar. Arbeidstid er for tida dagtid mellom kl. 08.00-15.30 mandag - laurdag, med arbeid kvar tredje laurdag.

Medisinsk sengepost 1 og 2 har tre grupper med ulike fagfelt og totalt 41 senger. Hovudfagfelta våre er nyre og endokrinologi (3), mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing (2), hjartesjukdommar & geriatri (1). Elles har vi mykje generelle indremedisinske problemstillingar som t.d. infeksjonar.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet. I tillegg til å gi pasientar dialysebehandling på posten, blir det og gitt dialyse på intensiv avdeling i akutte situasjonar.

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller dialyse frå tidlegare, men ikkje påkrevd.

Er det område eller spesifikke problemstillingar du brenn for eller ønskjer å forbetre, vil avdelinga legge til rette for dette. Dette kan ein t.d. gjere gjennom Helse Vest si Forbetringsutdanning der ein lærer å drive eit forbetringsarbeid.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost og dialysepost tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, +47 407 29 970

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4834523156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.08.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
359451915
Sist endret
01. juli 2024 11:04