Inaktiv
Miljørettleiar
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% fast st. som miljørettleiar
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillinga
Me tilbyr bonus
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Ynskjer du ein spanande og variert arbeidskvardag kor du får moglegheit til å skape magiske dagar for og med born og vaksne? Då er kanskje dette ei stillig for deg!
Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule, har ledig i inntil 100% fast stilling som miljørettleiar frå august 2024 av. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane.
Me tilbyr bonus
Gulen Kommunen tilbyr bonus på 100 000,- ved bindingstid i to år i denne stillinga, ved fast tilsetjing. Bonus vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra.
Arbeidsoppgåver
- Styrking i ulike klassar
- Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
- Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
- Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
- Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- 3-årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje, og verte vurdert for mellombels tilsetjing
- Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg
- Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
- Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 359452166
- Sist endret
- 01. juli 2024 12:17