Seniorkonsulentar ved Klinisk institutt 1

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seniorkonsulenter ved Klinisk institutt 1
Frist
21.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, felles studieadministrasjon for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, er det ledig ein fast stilling og eit vikariat som seniorkonsulent i eit år (semesterkoordinatorar). Begge stillingane er 100 prosent, med tilsetjing så snart som mogleg.


Arbeidsoppgåver:
  • saksbehandling, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
  • koordinere og sikre gjennomføring av ulike eksamenar i samarbeid med blant anna vitskapelege tilsette og studentar
  • koordinere og drifte emnar i samarbeid med administrative- og vitskapelege tilsette, studentar, inkludert timeplanarbeid, planlegging av praksis og informasjonsarbeid
  • koordinering og drift av emnar i samarbeid med andre institusjonar og lærestadar
  • samarbeid med fakultetet si studieadministrasjon og delta i nettverk med dei andre institutta ved fakultetet
  • skriving og publisering på nettsider og i internt nyheitsbrev
  • andre oppgåver kan og verte aktuelle

Søkjarar som vert tilbudt stilling, vil verte tilsette ved Klinisk institutt 1.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillingane.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting, samt god administrativ it-kompetanse.
  • Røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, ePhorte, TP, Inspera og andre) blir lagt vekt på.
  • Kjennskap til medisin-, farmasi, og/eller ernæringsstudiet og studieadministrasjon av kliniske emne er ein føremon.
  • Må kunne nytte båe målføre, samt munnleg og skriftleg engelsk.

Vi søkjer ein person som

  • er sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
  • er serviceinnstilt, må like å arbeide og med folk
  • deltek aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å halde oversikt og samstundes ivareta detaljane i eit hektisk og travelt universitetsmiljø
  • har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen.

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 – 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Øyvind Byrkjedal-Bendiksen på telefon 55 58 25 69 eller e-post: Oyvind.Bendiksen@.uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Rådgivning
FINN-kode
359452742
Sist endret
02. juli 2024 05:42