Inaktiv

Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule

Arbeidsgiver
Oppvekst, Giske kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Giske ungdomsskule fast stilling
Frist
17.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Giske ungdomsskule har ledig fast 100 % avdelingsleiarstilling frå snarast.

Bur det ein leiar i deg? Kunne du tenkje deg å bli ein del av skulen si leiargruppe og jobbe med pedagogisk leiing, personalleiing og administrative oppgåver? Leiargruppa har felles ansvar for skulen si pedagogiske utvikling og resultat.

I 2021 vart alle ungdomsskuleelevane i kommunen samla på Giske ungdomsskule. Skulen er lokalisert på Valderøya og har ca 350 elevar. Neste skuleår vert det 5 klasser på kvart trinn.

Leiargruppa er rektor og 3 avdelingsleiarar. Rektor vil fordele arbeidsoppgåvene mellom avdelingsleiarane ut frå kompetanse, erfaring og interessefelt. Undervisningsdelen i stillinga er 50 %, men dette kan endrast ved behov. Arbeidsåret er normalarbeidsår med høve til avspasering etter avtale med rektor.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Gyldig politiattest må leggast fram. Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Løn etter avtale og kvalifikasjonar – god pensjonsordning i KLP

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med med søknaden.




Arbeidsoppgåver

  • Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen i tråd med sentrale og lokale styringssignal
  • Fagleg og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar for trinnet
  • Pedagogisk utviklingsarbeid, koordinering av vikarbehov, elev og foreldreundersøkingar, heim-skule arbeid, oppfølging av elevsaker

Kvalifikasjonar

  • Godkjent pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år – gjerne rektorskulen
  • Relevant undervisningskompetanse - gjerne relevant leiarerfaring
  • Kunnskap om relevant lovverk i tillegg til kunnskap om pedagogisk utviklingsarbeid og administrativt arbeid
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiargruppa legg til rette for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette og leiarkollegaer

    Giske kommune sine verdiar er:
  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løsingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meininsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande

Kontaktinformasjon

Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, +47 92652950

Arbeidsstad

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune



Referansenr.: 4835131626

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359462002
Sist endret
02. juli 2024 06:06