Ringevikar som miljøfagarbeidar

Arbeidsgiver
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Ringehjelp som miljøfagarbeidar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi treng ringevikarar som er miljøfagarbeidar som kan stille på kort varsel ved behov skuleåret 24/25.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett oppfølgjing.
  • Som miljøarbeider vil du arbeide i team og ein til ein rundt elevar. Det kan også være oppgåver knytt til stell.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskje om fagbrev som Barne- og ungdomsarbeidar. Andre fagområde kan også vere relevant.
  • Ein vil i stor grad også vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
  • Vi oppmodar menn til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner, har godt humør og trives med å jobbe i team
  • Du må like å vere fysisk aktiv og å kunne ta i eit tak når det trengs
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagte aktivitetar
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
  • Du må vere trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande atferd

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer
  • Godt samarbeid med faglærere og deltagelse i pedagogisk utviklingsarbeid
  • Arbeidstakar har ein arbeidsplan som følgjer skuleåret. Dette inneber reduksjon i årsløn i samsvar med særavtale SFS 2201, pkt. 3.5.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar:
Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Sissel Næsheim Riise, avdelingsleiar, 41104799

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4834074475

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5824 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
359466594
Sist endret
02. juli 2024 06:15