Vernepleiar/ergoterapeut

Arbeidsgiver
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
01.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minorietsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/

Vi har ledig fast stilling som vernepleiar eller ergoterapeut på skulen si avdeling for tilrettelagt opplæring.



Arbeidsoppgåver

  • Skape ein trygg skulekvardag for elevar med særskilte behov
  • Hjelpe faglærarar i oppfølging av enkeltelevar
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar, sosial trening og fysisk aktivitet i samarbeid med faglærarane
  • Følgje opp medisinske rutinar

Kvalifikasjonar

  • Bachelorutdanning som vernepleiar eller ergoterapeut
  • Kunnskap om og erfaring med igangsetting av tiltak basert på kartlegging
  • Følgje opp medisinske rutinar
  • Rettleiingskompetanse er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid med personar med samansette fysiske og psykisk utviklingshemmingar
  • Erfaring med å utarbeide tiltak basert på kartlegging
  • Vi oppmodar menn til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Vi vil vektleggje personlege eigenskapar til denne stillinga
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner
  • Omsorgsfull, tolmodig, fleksibel og omstillingsdyktig
  • Løysnings- og utviklingsorientert
  • Fleksibel i forhold til variasjon i arbeidstid

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur med engasjert kollegaer
  • Godt samarbeid med faglærere og deltagelse i pedagogisk utviklingsarbeid
  • Arbeidstakar har ein arbeidsplan som følgjer skuleåret. Dette inneber reduksjon i årsløn i samsvar med særavtale SFS 2201, pkt. 3.5.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar:
Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Kontaktinformasjon

Kari Danielsen, rektor , 99479832

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4829008507

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Søknadsfrist: 01.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5824 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
359467328
Sist endret
02. juli 2024 06:16