Norsk fjellsenter søkjer etter ein høgfjellsformidlar

Arbeidsgiver
Norsk fjellsenter
Stillingstittel
Høgfjellsformidlar
Frist
02.09.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Er du interessert i kva som skjer av endringar med klima og natur i høgfjellet? Har du drøymt om å arbeide med desse fagfelta? Vil du vere med på å realisere prosjekt Fjellviten? Kunne du tenkje deg å bu i fjellbygda Lom? Vi treng ein formidlar med klima- og naturkompetanse.




Hva vi ser etter

Du må ha relevant fagleg undervisningskompetanse på vidaregåande eller høgskulenivå.
Du må ha evne til å omsetja forskingsdata til spennande læringsaktivitetar både på nett og på fysiske arenaer.
Du må ha interesse for kreativ og utforskande læring.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.




Arbeidsoppgaver

Di hovudoppgåve blir å bidra til spennande og lærererike formidlingsopplegg, både i det digitale og i det fysiske klasserommet. Gjennom prosjektet Fjellviten blir du med på å legge til rette for at den tverrfaglege forskinga på endringar av klima og natur i høgfjellet blir vidareutvikla, overført i sanntid, digitalisert og formidla.


Høgfjellsformidlaren skal vere med på å vidareutvikle Norsk fjellsenter og prosjekt Fjellviten.


Gjennom prosjektet skal vi ta nye steg innan forskingsformidling, nå nye målgrupper, tydeleggjera vår rolle som lærings- og opplevingsarena knytt til klima- og naturendringar i høgfjellet.




Vi tilbyr
  • Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer
  • Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene
  • Lønn etter avtale og god pensjonsordning
  • Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom
  • Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere
  • Vi er eit team som arbeider med fleire forskjellige arbeidsoppgåvar gjennom eit år. Du må også kunne bidra til å løyse daglege driftsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Sted
Brubakken 2, 2686 Lom
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
FINN-kode
359469236
Sist endret
01. juli 2024 12:58