Interaksjonsdesigner med interesse for klima og natur

Arbeidsgiver
Norsk fjellsenter
Stillingstittel
Interaksjonsdesigner/ UX designer
Frist
02.09.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Norsk fjellsenter/Klimapark 2469 treng ein Interaksonsdesignar med interesse for kva som skjer av endringar med klima og natur i høgfjellet? Kan du sjå for deg å arbeide med desse fagfelta som interaksjonsdesigner? Vil du vere med på å realisere prosjekt Fjellviten?




Hva vi ser etter

Vi ser etter ein interaksjonsdesigner som kan tenkje seg å arbeide med fagfelta klima og natur. Du må kunne bygge opp ein ny digital formidlingsplattform med forskingsdata frå høgfjellet. Du må ha erfaring med ide- og konseptutvikling. Du må ha evne til å utvikle digitale løysingar med fokus på gode brukaropplevingar. Du må ha evne til å visualisere forskingsdata, slik at det blir spennande å bruke i formidling.




Arbeidsoppgaver

Som interaksjonsdesigner får du ansvar for å etablere digitale plattformar med innhald frå forsking på endring av klima og natur i høgfjellet. Data skal overførast i sanntid og brukast i formidlingssamanheng. Du får gleda av å arbeide med dei fremste forskarane på klima og natur i eit kreativ arbeidsmiljø på Norsk fjellsenter i Lom.




Vi tilbyr
  • Kreativt, handlekraftig, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Samarbeid med leiande forskarnettverk og dyktige kollegaer
  • Høg grad av sjølvstende i arbeidsoppgåvene
  • Lønn etter avtale og god pensjonsordning
  • Kontorplass på Norsk fjellsenter i Lom
  • Bistand og lokalkunnskap til å finne husvere
  • Vi er eit team som arbeider med fleire forskjellige arbeidsoppgåvar gjennom eit år. Du må også kunne bidra til å løyse daglege driftsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Sted
Brubakken 2, 2686 Lom
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Utvikler (generell), Design, Rådgivning
FINN-kode
359473559
Sist endret
01. juli 2024 01:33