Inaktiv

Helgestilling i Heimetenesta

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Helgestilling i Heimetenesta
Frist
11.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga
  • Heimetenesta i Osterøy Kommune har ledige helgestillingar frå august/september 2024. Stillingane er fast med arbeid kvar. 3 helg og passar difor godt for deg som for eksempel går på skule. I Heimetenesta yter ein tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Dømer på helsehjelp kan vera mattillaging, legemiddelutdeling, hjelp til personleg hygiene og liknande.

Arbeidsoppgåver
  • Omsorg til menneske i deira eigen heim
  • Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
  • Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar

Vi tilbyr
  • Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta

Kvalifikasjonskrav
  • Det er ønskeleg at du er hjelpepleiar eller helsefagarbeidar. Me oppmodar også studentar innan helse og omsorg å søke. Dersom me ikkje får nok kvalifiserte søkarar, vil me vurdera tilsetting utan fagutdanning innan helse og omsorg.
  • Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen.
  • Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider.
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
  • Krav om førarkort klasse B
  • Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing.

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
359477863
Sist endret
02. juli 2024 06:27