Inaktiv

100% fast stilling som konsulent - Seljord kommune servicetorg

Arbeidsgiver
Seljord Kommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
19.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga


Seljord kommune er i gong med å opprette eit servicetorg, og i samband med dette søker vi etter ein person til stilling som konsulent. Som tilsett på servicetorget, vil du vere kommunens ansikt utad. Konsulenten skal jobbe tett saman med dei andre på servicetorget og saman sørge for at det leverast gode tenester og service til alle besøkande. Den som blir tilsett vil ha oppgåver innanfor arkiv, og vil samarbeide tett med dei to andre tilsette som jobbar med post, arkiv og servicetorget. Seljord kommune brukar Elements som sak- og arkivsystem. Stillinga inneber også ansvar for gjennomføring av val, som er annan kvart år. Det er ynskjeleg at den som blir tilsett har gode kommunikasjonsevner, og det ligg oppgåver innanfor kommunikasjon og sosiale media til stillinga.


Avdeling personal, løn og arkiv


Personal, løn og arkiv dekker oppgåver knytt til personal, løn, post og arkiv. Avdelinga består av fem tilsette, som har kommunehuset som arbeidsplass.


Viktigaste arbeidsoppgåver


  • Yte service overfor kundar på telefon og i skranke
  • Arbeid knytt til sentralbord, arkiv og post
  • Enkle sakshandsamaningsoppgåver
  • Sosiale media, heimeside og kommunikasjonsarbeid
  • Ansvar for valgjennomføring(annan kvart år)
  • Andre administrative oppgåver for organisasjonen

Kvalifikasjonskrav


  • Relevant utdanning innan kontor og administrasjon
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arkivarbeid og kjennskap til Elements

Den som blir tilsett må vere


  • Nøyaktig og strukturert
  • Effektiv
  • Har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Er serviceinnstilt og samarbeidsvillig
  • Sjølvgåande og uredd
  • Samarbeids- og løysingsorientert
  • God til å kommunisere med ulike mennesketypar
  • Taklar stress på ein god måte

Dei personlege eigenskapane vil bli vektlagd. Gode språkkunnskapar er ein fordel


Vi tilbyr


  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP
  • IA-bedrift
  • Eit godt, sosialt miljø

Seljord kommune tek berre imot søknadar som kjem via vårt elektroniske søknadsskjema. Fyll inn relevant utdanning og arbeidserfaring i skjemaet.

Sektor
Offentlig
Sted
Brøløsvegen 13A, 3840 Seljord
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
359562366
Sist endret
02. juli 2024 07:11