Barnevernspedagog/sosionom med klinisk vidareutdanning
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Barnevernspedagog/sosionom med klinisk vidareutdanning
- Frist
- 04.08.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund og ei familieeining i Molde.
Vi har ledig fast stilling for sosionom/barnevernspedagog med klinisk vidareutdanning i Småbarnsteamet ved BUP i Molde.
Poliklinikken i Molde har ledig fast stilling som klinisk sosionom/barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 0-6 år og familien deira. Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med, si kliniske utdanning, er velkomne til å søkje.
BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT og PEF. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.
Sjå meir om byen Molde og området rundt her: https://www.fjordnorway.com/en/attractions/molde
Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn med psykiske vanskar
- Utgreiing og behandlingsarbeid gjennom samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
- Ansvar for framdrift og koordinering av pasientforløp
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Sosionom/barnevernspedagog eller tilsvarande høgskoleutdanning
- Ønskje om klinisk vidareutdanning, t.d. som familieterapeut
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- Gjerne erfaring frå foreldrerettleiing både individuelt og i gruppe
- Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Ved tilsetting må politiattest leggast fram
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe i team
- Vere målrettet, løysningsorientert og fleksibel
- God kommunikasjonsevne
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturerer eiga arbeidskvardag
- Det å vere personleg eigna for stillinga vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og hektisk arbeidskvardag
- Fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit stort og inkluderande fagmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaler
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristin Silseth, Fagkonsulent, 41635875, kristin.silseth@helse-mr.noArbeidsstad
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4834418405
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 359563448
- Sist endret
- 02. juli 2024 08:21