Inaktiv

Lege i spesialisering i radiologi

Arbeidsgiver
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS) i radiologi
Frist
31.07.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sjukehusa i Nordmøre og Romsdal ligg vakkert plassert, med nærleik til fjord og fjell. Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av mange sjukdomstildtandar og er viktige i drifta av sjukehusa.

Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modalitetar.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanninga.
I 2025 står det nye sjukehuset (SNR) klart og skal takast i bruk i løpet av første halvår. Der vil vi mellom anna få fylkets første 3 Tesla MR.

Vi har no ledig fast stilling som LIS i radiologi. Oppstart frå 01.09.2024, eller etter nærare avtale med avdelinga.
Ved evt. internt opprykk kan det bli ledig vikariat

Radiologisk avdeling i Molde/Kristiansund er ein god stad å starte for fersk LIS3. Vi har god breidde i undersøkingar, dedikerte overlegr og ei god og inkluderande LIS-gruppe.
Vi arbeider kontinuerleg med opplæringsopplegg for nye tilsette, og har tilgang til gode ressursar på nett. Opplæring skjer i hovudsak i Molde, men ta også gjerne kontakt om du ønskjer å bo i Kristiansund.

Attestar og tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad



Arbeidsoppgåver

Som LIS i radiologi vil du få opplæring i og arbeide med røntgen, CT og ultralyd, og etter kvart radiologiske intervensjonar. MR-opplæring kjem når ein har noko erfaring. Arbeidet består i å beskrive bilete, utføre ultralyd, kommunisere med klinikar om undersøkingar, og etter kvart ha demonstrasjonar av bilete for klinikerar. Stillinga inneber deltaking i vakt, som for tida er åttedelt. LIS har tilstadevakt, med overlege i bakvakt, delvis med heimevakt.

Kvalifikasjonar

  • LIS i radiologi må ha gjennomført norsk LIS1, eller turnusteneste etter gammal ordning, for å kunne starte i spesialiseringsløp.
  • Må meistre norsk språk (ev. svensk/dansk), og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

  • Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing
  • Gode evner til samarbeid. Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper
  • Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Odd Arne Haram, Avdelingssjef, 41422916, Odd.Arne.Haram@helse-mr.no

Martin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395, martin.grotnes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Bjørnstjerne Bjørnsons veg

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4822596083

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 31.07.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
359563738
Sist endret
02. juli 2024 08:50