Inaktiv

Tospråkleg assistent Nesflaten oppvekstsenter

Arbeidsgiver
Suldal kommune Nesflaten oppvekstsenter
Frist
30.07.2024

Beskrivelse

Det er ledig stilling som tospråkleg assistent ved Nesflaten oppvekstsenter avd skule frå 12.08.24. Me søkjer etter deg som kan snakka russisk - ukrainsk, og har tilstrekkelege norskkunnskapar.

Om stillinga:

  • Stillingsstorleik: Inntil 60%
  • Stillingstype: Engasjement fram til 30.06.25
  • Stilling ledig frå: 12.08.24

Kvalifikasjonar:

  • Russisk - ukrainsk talande tospråkleg assistent

Me ønskjer at du:

  • er oppteken av å søkja kunnskap i lag
  • bidreg til positivt læringsmiljø
  • har ein ekte motivasjon for å jobba med barn
  • er tilstadeverande
  • er fagleg interessert

Personlege eigenskapar:

  • Har eit positivt menneskesyn
  • Vil gi til å gi barn omsorg og trygge relasjonar
  • Vil inspirera og motivera kollegaene dine
  • Du må jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din
  • Har erfaring frå arbeid med barn/unge
  • Har tilstrekkeleg med norskkunnskapar

Hos oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Skulevegen 57, 4244 Nesflaten
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
359565901
Sist endret
02. juli 2024 10:20