Pedagogiske leiarar/Barnehaglærarar

Arbeidsgiver
Avdeling Søvik barnehage, Haram kommune
Stillingstittel
Pedagogiske leiarar/Barnehaglærarar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søvik barnehage har 2 ledige stillingar i 100% fast for pedagogiske leiarar/barnehagelærarar.

Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Det er ønskelig at vår nye kollega er komfortabel og trygg på båtliv, men ikkje noko krav.
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tjenester for innbyggarar og næringsliv.
Vi søker etter deg som er aktiv, leiken og engasjert, som har evne til å ta utfordringer, sjå moglegheiter og ta ansvar. Du bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine. Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.
Høyres dette kjend ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga.

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har ein ansvar for å:

  • Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling/base, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage).
  • Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
  • Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innafor dei områda du er sett til å leie.

Kvalifikasjonar

For stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutanning i barnehagepedagogikk.
Søkar må vidare:

  • levere oppdatert politiattest
  • jobbe i tråd med barnehagelova
  • ha gode norskkunnskaper. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §18b.
  • jobbe i tråd med Haram Kommune sine retningsliner.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å

  • vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
  • jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
  • motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
  • bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som ellers skjer på eigen arbeidsplass.
  • vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskapning.
  • vere bidragsyter i ein levende og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøter, planleggingsdager og i oppfølging av kurs
  • jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus.
  • samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
  • vere ein god rollemodell
  • vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og voksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagloven.
  • sikre barns rett til medverknad og involvering.
  • vere trygg og komfortabel med båt og turar på sjøen.
  • ha god arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fin beliggenhet, nær sjø, skog og skule.
  • Eige naust med båt.
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Lise Søvik, Styrar, 99709302, lise.vilnes.sovik@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Plassen 19
6280 Søvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4835067403
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 04.08.2024

Antall stillinger
2
Sted
Plassen 19, 6280 Søvik
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
359581580
Sist endret
05. juli 2024 08:45