100% fast stilling som pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Svelgen oppvekst avdeling barnehage er det ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 28.09.24.

Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen.

Svelgen barnehage har 4 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartar
  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • I samarbeid med fagleiar ha eit ansvar for oppfølging og leiing av fag, enkeltbarn, barnegrupper og foreldresamarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar

Andre med kompetanse og erfaring med arbeid med barn og unge oppmodast òg om å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage frå 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Sindre Myklebust Fjeld, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4835436486

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
359582257
Sist endret
02. juli 2024 11:36