Inaktiv

100% vikariat stilling som fagleiar

Arbeidsgiver
f.t. ved Svelgen Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Stillingstittel
Fagleiar
Frist
08.09.2024

Beskrivelse

Svelgen oppvekst har ledig vikariat som fagleiar for barnehage i 100 % frå 01.12.24-30.11.25.

Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen.

Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage. I stillinga inngår fagleiaransvar for dei to barnehagane Langeneset barnehage og Svelgen barnehage. Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande.



Arbeidsoppgåver

  • Administrativt, økonomisk- og fagleg ansvar, personalansvar og forvaltningsansvar saman med driftssjef for oppvekstsenteret
  • Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova, rammeplan og overordna føringar og lovverk
  • Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
  • Organisasjonsutvikling
  • Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling

Kvalifikasjonar

  • Krav om barnehagelærarutdanning
  • Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
  • Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
  • Krav om godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, er løysningsfokusert og raus
  • Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov og vere tilgjengeleg for brukarane og personalet
  • Ha god evne til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
  • Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
  • Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
  • Vere ryddig og ha innsikt i økonomistyring

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
  • Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage frå 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Ingrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4835432985

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sted
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
359582312
Sist endret
26. aug. 2024 07:20