Bioingeniør II Fagområde Infeksjonsimmunologi

Arbeidsgiver
Mikrobiologi Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Bioingeniør II Fagområde Infeksjonsimmunologi
Frist
21.08.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Avdeling for medisinsk mikrobiologi - Mikrobiologi Molde søkjer bioingeniør II ved fagområde infeksjonsimmunologi i 100 % vikariat i 1 år. Stillinga vert ledig frå 01.09.2024.
Ved evt.intern tilsetting kan andre vikariat ved seksjonen bli ledig

Avdeling for medisinsk mikrobiologi består av to seksjonar, Ålesund og Molde, med til saman 43 stillingar. 33 av desse er ved seksjonen i Molde. Avdelinga har eit vidt analyserepertoar fordelt på fagområder innan infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Med tanke på at vi er ei middels stor avdeling, leverer vi analyser og tenester utover standard repertoar, og vi er kjent for god service og høg fagleg kompetanse.
Avdelinga yt service til alle fire sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Avdelinga har stor fokus på kvalitet, utvikling og forbedring. Vi er samansett av fleire profesjonar og har tilsette i ulike aldrar, dette gjer at vi kan skryte av eit godt arbeidsmiljø med plass til alle ,og der alle føler seg inkludert.

For meir info kan du sjå nettsida vår: www.helse-mr.no/mikro

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå, og vere stedfortredar for, fagbioingeniør ved fagområde Infeksjonsimmunologi.
  • Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver.
  • Delta i laboratoriet sin vaktturnus.
  • Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet.
  • Bidra til å oppfylle avdelinga sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling.
  • Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon.
  • Om du har praktisk erfaring innan mikrobiologi ser vi på det som ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert - du arbeider nøyaktig, systematisk og effektivt
  • Sjølvstendig - du trivest med å ta ansvar, men er ikkje redd for å spørje om hjelp
  • Fleksibel og endringsvilleg - du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
  • Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du trivast med varierende oppgaver i en hektisk kvardag

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit særdeles kompetent fagmiljø som vil at du skal lykkast
  • Eit uformelt arbeidsmiljø med mye humor og trivsel
  • Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver, i eit føretak og ei avdeling i omstilling og utvikling.
  • En svært meiningsfull arbeidskvardag med et viktig samfunnsoppdrag
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marie Aslaksen Røed, Seksjonsleiar, marie.aslaksen.roed@helse-mr.no

Arbeidsstad

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4834617699

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 21.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Annet
FINN-kode
359596410
Sist endret
02. juli 2024 01:03