100% stilling som pedagogisk leiar ved Sekse barnehage / SFO

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Sekse barnehage
Frist
15.09.2024

Beskrivelse

Sekse barnehage og SFO:Ledig fast stilling som pedagogisk leiar 100%, dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil andre verte vurderte. Me oppmodar derfor andre, helst med treårig høgskuleutdanning til å søkje - til dømes barnevernspedagogar eller andre.

Om arbeidsplassen:

Sekse barnehage ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell og gardar. Her er det fin pendleavstand til både Odda og Kinsarvik. Plasseringa gjer oss òg mange moglegheiter til variert uteliv, noko barnehagen nyttar seg mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet. Barnehagen som ligg i den gamle skulen på Sekse gjer at me har mykje areal som gjer oss unike moglegheiter for å leggja til rette for barna sin trivsel og utvikling. Barnehagen har no i haust 36 barnehageplassar fordelt på to avdelingar, i tillegg har me ettermiddags SFO.

Me ynskjer oss ein pedagogisk leiar som evnar å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna. I Sekse barnehage og SFO ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.

Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna. Me ynskjer oss ein pedagogisk leiar med gode samarbeidsevner, både med interne og eksterne aktørar. For å få til dette set me gode kommunikasjonsferdigheiter høgt. Me har jobba med at me skal både gje og få konstruktive tilbakemeldingar på ein god måte. Me har eit stort fokus på eit godt arbeidsmiljø, og me ser etter nokon med godt humør og positiv innstilling, nokon som er løysningsorientert, fleksibel og kreativ.

Som pedagogisk leiar vert det viktig å vera ein synleg og tydeleg leiar Du er opptatt av kvalitet i barnehagen, og ynskjer å utvikle deg faglig. Du må ha evne til å vere med på å utvikle verdiane og læringsmiljøet i barnehagen. Som leiar må du har fokus på å inspirera og involvere medarbeiderar i arbeidet mot felles mål. Du må ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner, og stå trygt i utfordrande situasjonar - men søkje hjelp når du står fast.

Me ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar har du ansvar for

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet

  • gje pedagogisk rettleiing på avdelinga

  • tverrfagleg samabeid med ulike instansar

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale (avhengig av stilling)

  • Gode rekrutteringsavtalar for utdanna barnehagelærerar

    • Rekrutteringstilskot:
      Etter 1 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 1 år i stillinga)
      Etter 2 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 2 år mnd i stillinga)

  • Pedagogisk leiar tillegg: 36 000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Rekrutteringsbustad i Hovlandstunet

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.



Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
359597304
Sist endret
22. aug. 2024 11:10