Inaktiv

Bioingeniør

Arbeidsgiver
Medisinsk biokjemi og blodbank Kristiansund/Medisinsk biokjemi og blodbank Molde
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
04.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi treng dyktige bioingeniørar som er klare for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag både i Molde og Kristiansund.
Kan du tenkje deg å komme til vakre Møre og Romsdal med flott natur, så er du velkommen til å søkje!

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt
fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i
2025. Det nye akuttsjukehuset blir plassert på Hjelset i Molde kommune.
Når sjukehuset står ferdig, blir dette din nye arbeidsplass.
Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi går spennande tider i møte, med ny og moderne
automasjonsløysing. Det meste av utstyret blir flunkande nytt!

Du vil arbeide i tredelt turnus og vi er opptatt av å planlegge turnusane slik
at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt arbeidsplan, etter eigne ønskje og behov.

Vi ber om at du i søknadsteksten oppgir om du ønskjer å arbeide i Molde eller
Kristiansund fram til våren 2025. Frå då av blir arbeidsplassen Hjelset.

Vi ber om at vitnemål og attestar/tjenestebevis blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad



Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan medisinsk biokjemi og blodbank
  • Pasientretta oppgavår innan prøvetaking og preanalyse
  • Delta i seksjonen sin vaktturnus

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • Relevant praksis vil bli vektlagt
  • Må kunne norsk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Må vere strukturert, effektiv og nøyaktig
  • Ha gode evner til å samarbeide med andre
  • Medvirke til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskper som passar stillinga vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Arbeid i eit heilt nytt sjukehus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, 71122099 / 95246505, marit.sivertsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4832953556

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.08.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Annet
FINN-kode
359598294
Sist endret
04. juli 2024 10:26