Planleggar

Arbeidsgiver
Sektor for samfunnsutvikling, Plan, byggesak og geodata
Stillingstittel
Planleggar
Frist
20.08.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi styrkar teamet vårt med ein planleggar, og ser etter deg som vil vere med og utvikle kommunen vår vidare.

Arealplanlegging handlar om å forme samfunnet, og det er viktig å forstå korleis samfunnet fungerer og kva for trendar som påverkar utviklinga. I eininga vår jobbar vi mellom anna med kommunalt planarbeid, byggesaker, arbeid etter matrikkellova, forvaltning og drift av kommunen sine kartbasar.



Arbeidsoppgåver

  • sakshandsaming og oppfølging av private og kommunale reguleringsplanar
  • kommuneplanarbeid
  • fornye eldre reguleringsplanar
  • arbeid med planregister og planbase
  • andre kommunale planoppgåver

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning frå universitet eller høgskule (til dømes arealplanlegging, samfunnsplanlegging, by- og regionplanlegging, fysisk planlegging og arkitektur og liknande
  • kompetanse/erfaring med fysisk planlegging og reguleringsplanarbeid
  • det vil vere ein fordel med GIS-kompetanse
  • god kjennskap til plan- og bygningslova, i tillegg til anna relevant lovverk innan planleggingsfeltet.
  • personleg godt eigna til stillinga.

Vår nye lagspelar er

  • samfunnsengasjert og interessert i fagleg utvikling
  • nysgjerrig og initiativrik
  • målorientert med høg gjennomføringsevne
  • sjølvstendig med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsfelleskap
  • gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstid etter gjeldande reglement
  • tilsettinga på vanlege kommunale vilkår

Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.


Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste. Vi praktiserer meiroffentlegheit i tilsettingar og du må difor grunngi særskilt om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit på denne lista. Vi vurderer ønsket ditt opp mot offentleglova. Dersom vi ikkje kan oppfylle dette, vil vi ta kontakt.

Kontaktinformasjon

Cecilie Breiteig Liavaag, Einingsleiar, +47 91557327

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutvikling



Referansenr.: 4833594652

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.08.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Annet, Saksbehandler, Ingeniør
FINN-kode
359599854
Sist endret
02. juli 2024 01:14